Møteplassen
På Møteplassen tar vi inn helsingar til små og store jubilantar, i tillegg til meldingar om fødslar, trulovingar og bryllaup. Meldingar med bilde kostar kr. 150,-. Vi sender faktura. Meldingar utan bilde er gratis.
Bilde må vera av nyare dato og i JPG-format.
Innleveringsfristar:
Fristen for å sende inn linjeannonse er kl. 14.00 tre dager før annonsen skal på trykk. Send tekst, bilde og fakturaadresse til
bn@bygdanytt.no. Oppgje også mobilnummeret ditt.
LagsnyttDette er ein informasjonskanal for lokale lag og organisasjonar. Innrykk om arrangement utan inntekt eller der inntekta går til veldedige formål, er gratis. KUN EITT INNRYKK. Teksten kan innehalde informasjon om kva, kor, når og arrangør. Teksten skal ikkje innehalde kontakt-, pris- eller salsinformasjon.Innleveringsfristar:
Fristen for å sende inn linjeannonse er kl. 14.00 tre dager før annonsen skal på trykk.Send meldinga di til
lagsnytt@bygdanytt.noHusk å oppgje namnet og mobilnummeret ditt, slik at vi kan ta kontakt dersom noko er uklart. Anonyme meldingar kjem ikkje på trykk.
LesarinnleggSend oss lesarbrev, kommentarar, kronikkar og «Mi meining» på e-post til
bn@bygdanytt.no. Bygdanytt har rett til å redigera innlegg og kutta i meiningsytringar som er for lange.